-
BUA-stand under årets Modalsdagane
Alternativet hadde vore å sitta heime og sett på mobilen
Friluftsskule i Modalen vart ein kjempesuksess!I førre veke vart det for første gong arrangert friluftsskule i Modalen. Tiltaket vart gjennomført som eit samarbeid mellom Modalen frivilligsentral og UngJobb, som ein del av aktivitetsveke-tilbodet.
Friluftsskulen er eit lågterskel aktivitetstilbod for barn i alderen 10–13 år. Tilbodet vert arrangert i skuleferiane i nærmiljøet til barna, med fokus på meistring, gode ferieopplevingar og å skape interesse for friluftsliv.
Det var sju påmelde deltakarar, men fleire kom til undervegs, og på det meste var 11 barn innom friluftsskulen. Gjennom tre innhaldsrike dagar fekk deltakarane prøve seg på ulike friluftsaktivitetar, mellom anna førstehjelp, fisking i Mostraumen, tur til Nedstavatnet og overnatting i lavvo.
Friluftsskulen vart mogleg takka vere tilskotsmidlar frå Bergen og Omland Friluftsråd og utlån av utstyr frå Frilager Bergen og Omegn. Tusen takk for støtta!
Avisa Nordhordland tok òg turen innom friluftsskulen. Les saka her -> Modalen, Skule | – Alternativet hadde vore å sitta heime og sett på mobilen
Del på:
-
Ein smak av Ukraina
Det vart servert ukrainsk tradisjonsmat under årets jonsokfeiring
-
Friluftsskule
-
Jonsokfeiring i Modalen
Norske og ukrainske tradisjonar gjekk hand i hand under årets jonsokfeiring i Modalen.
-
Dette er Modalen kommune sin frivilligkoordinator
Møt Modalen sin nye frivilligkoordinator Lisbet Dyrkolbotn ✨