Jonsokfeiring i Modalen

Norske og ukrainske tradisjonar gjekk hand i hand under årets jonsokfeiring i Modalen.

Her i Modalen såg vi lite til sola på årets lysaste døgn. Likevel var det duka for ein flott jonsokfeiring i moloen tysdag kveld 23. juni. Mo og Kleivande vel og Øvre-Helland vellag, med Gro-Henny Mo og Nathalia Yndestad Helland i spissen, samarbeidde om markeringa. Saman hadde dei sett opp bord og stolar, varme grillar og natursti med godteri-premie. Dei hadde òg fått med seg teknisk etat i kommunen, som sørga for at vi hadde tak over hovudet og eit storslagent jonsokbål.

Jonsokfeiringa er ein tradisjon som samlar folk i bygda. Det var difor eit ønske frå frivilligkoordinator Lisbet å nytte høvet til å vise fram den nyetablerte frivilligsentralen i kommunen. Sammen med ei handfull ukrainske damer vart det sett søkjelys på ukrainske midtsommartradisjonar, Ivana Kupala. Dei frivillige laga ukrainsk borsjtsj og Kyiv-kake som alle kunne smake på, og dette var særs populært. All maten vart ete opp av fornøgde jonsokfeirande modølingar.

Det var òg ein stasjon for fletting av blomsterkransar på ukrainsk vis. Dette vart ein populær aktivitet, særleg då kransane seinare skulle kastast på elva — ei lykkebringande ukrainsk skikk. Barna fekk høyre ukrainske eventyr og prøvde å finne den magiske bregneblomsten, som etter sagnet skal gje rikdom og lukke til den heldige finnaren.

BUA var også til stades og sørgde for at både vaksne og born hadde tilgang på aktivitetar. Mykje av utstyret blei liggjande ubrukt i det periodevis søkkvåte vêret, men fiskestengene vart likevel flittig brukte. Det er kjekt å sjå at vi har så mange unge, fiskeinteresserte modølingar i bygda.

Det var fint å sjå norske og ukrainske tradisjonar gå hand i hand. Det vart ei flott feiring som gjerne kan haldast att, etter så mange deltakarar med fornøgde smil. Dei ukrainske frivillige er også svært nøgde med kvelden og stolte over at dei fekk vist fram sine tradisjonar i eit inkluderande miljø.


2026 © Modalen frivilligsentral