Dette er Modalen kommune sin frivilligkoordinator

Møt Modalen sin nye frivilligkoordinator Lisbet Dyrkolbotn ✨

Modalen kommune har fått ein ny tilsett på laget og er allerede i gang med å bli kjent med både arbeidsoppgåver og kollegaer. Lisbet kjem inn med engasjement og godt humør, og for å bli bedre kjent med den nye medarbeideren, tok kollegaene ein kort og uformell prat:

Førsteinntrykk av arbeidsplassen og kommunen etter første arbeidsdag?- Eg har blitt skikkeleg godt teken imot! Her er det godt humør og mykje latter, og det set eg stor pris på!

Kva ser du mest fram til?- Eg gler meg veldig til å bli kjend med frivillige, eldsjeler og andre engasjerte innbyggjarar i kommunen. Eg gler meg òg til å få Modalen frivilligsentral skikkeleg i gang – eg håpar mange har lyst til å stikke innom!

🌸Ein fun fact om deg sjølv?
- Eg er ikkje redd for høgder, og hoppar gjerne frå 10-meteren i symjehallar!

🌸Fjord, fjell eller begge delar?
- Eg er oppvaksen på Veland eit steinkast frå sjøen, men har òg tilbrakt mykje tid hjå besteforeldra mine i Dyrkolbotn. Difor har eg eit sterkt forhold til begge delar. Eg trivst godt ute i naturen og set pris på både aktivitet og moglegheita til å finne ro – anten ved fjorden eller i fjellheimen.  

Flere nyheter
2026 © Modalen frivilligsentral