Bli med på Friluftslivets veke i Modalen!
Har du lyst til å sove ute, prøve noko nytt og vere med på kjekke aktivitetar for store og små? Modalen frivilligsentral, Mo og Kleivane vel og Nordhordland turlag inviterer til «Natt i naturen» og «Kom deg ut-dagen» i Modalen! Gratis og ope for alle – enten du er ein erfaren friluftsperson eller aldri har overnatta ute før. Barn under 10 år må komme i følge med ein vaksen.
Laurdag 5. september – Natt i naturen
Ta med deg sovepose og godt humør, og bli med på ei annleis og hyggeleg natt ute. Du kan overnatte i hengekøye, lavvo, telt eller under open himmel. Vel det som passar best for deg!
Kl. 20.00: Oppmøte ved Moloen og velkomst
Kl. 20.00–22.00: Me riggar leir og kosar oss med felles kveldsmat
Kl. 23.00: Ro i leiren
Hugs å ta med
Gode klede og sko: Sjå vêrvarselet og kle deg etter vêret
Tannbørste og tannkrem
Sovepose og liggjeunderlag
Hovudlykt
Eigen mat og drikke, og gjerne litt snacks i tillegg til fellesmåltida.
Manglar du noko? Sjekk ut BUA Modalen eller ta kontakt, så prøver me å hjelpe.
Tilleggsopplysingar
Friluftsområdet Moloen har gode parkeringsmoglegheiter, tilgang på utedo og rennande vatn.
Meld interesse og bli med på ei sosial og kjekk stund ute i naturen!