Skravlekoppen

Skravlekoppen er ein open og uformell møteplass for ein hyggeleg prat og godt samvær. Du kan kome og gå når det passar deg i opningstida.

Aldersgruppe: For alle

Modalen frivilligsentral har kjøpt inn grøne skravlekoppar til Bryggjeslottet. Når du vel ein skravlekopp, viser du at du gjerne vil slå av ein prat. Koppen er ei open invitasjon til samtale – anten du ønskjer selskap eller vil tilby det til andre.
Skravlekopp er ei folkerørsle for rausheit, inkludering og fleire møte mellom menneske, med Venke Knutson som initiativtakar. Målet er å gjere det lettare å ta kontakt med kvarandre.

Ein open møteplass i Modalen

Skravlekoppen er ein uformell møteplass for ein hyggeleg prat og godt samvær. Du kan kome og gå når det passar deg i opningstida.
Når: Onsdagane 4., 11., 18. og 25. november, kl. 12.30–15.00
Kvar: Foajeen på Bryggjeslottet
Me serverer gratis kaffi, te og litt å bite i.

Skravlevettreglar

  • Sei hei – det kan bety meir enn du trur.
  • Vis respekt for andre sine meiningar.
  • Ikkje ver redd for å bry deg.
  • Lytt gjerne meir enn du snakkar.
  • Ver til stades og legg vekk mobilen.
  • Gi eit kompliment eller eit smil.
  • Hugs at handling seier meir enn tusen ord.
  • Tida di er ei fin gåve å gi.

Vil du vere frivillig eller lage noko godt som me kan servere? Ta kontakt med Lisbet på telefon 95 72 80 26

Neste Skravlekoppen

Dato Kl. Tittel Sted
Ons 04.11 12:30 Skravlekoppen Bryggjeslottet, foajeen
Ons 11.11 12:30 Skravlekoppen Bryggjeslottet, foajeen
Ons 18.11 12:30 Skravlekoppen Bryggjeslottet, foajeen
Ons 25.11 12:30 Skravlekoppen Bryggjeslottet, foajeen
2026 © Modalen frivilligsentral