-
BUA Modalen
Hjå oss kan du låne sports- og fritidsutstyr gratis. I Modalen har vi ein kommunal utstyrssentral: BUA Modalen som er lokalisert i 3. etasje på Flodmaal, Mo sentrum.
Natt i naturen
Har du lyst til å sove ute, prøve noko nytt og vere med på kjekke aktivitetar for store og små? Modalen frivilligsentral, Mo og Kleivane vel og Nordhordland turlag inviterer til «Natt i naturen» i Moloen på Mo!Aldersgruppe: For alle
Bli med på Natt i naturen i Modalen!
Har du lyst til å sove ute, prøve noko nytt og vere med på kjekke aktivitetar for store og små? Modalen frivilligsentral, Mo og Kleivane vel og Nordhordland turlag inviterer til «Natt i naturen» og «Kom deg ut-dagen» i Modalen! Gratis og ope for alle – enten du er ein erfaren friluftsperson eller aldri har overnatta ute før. Barn under 10 år må komme i følge med ein vaksen.
Laurdag 5. september – Natt i naturen
Ta med deg sovepose og godt humør, og bli med på ei annleis og hyggeleg natt ute. Du kan overnatte i hengekøye, lavvo, telt eller under open himmel. Vel det som passar best for deg!
Kl. 20.00: Oppmøte ved Moloen og velkomst
Kl. 20.00–22.00: Me riggar leir og kosar oss med felles kveldsmat
Kl. 23.00: Ro i leiren
Hugs å ta med
Gode klede og sko: Sjå vêrvarselet og kle deg etter vêret
Tannbørste og tannkrem
Sovepose og liggjeunderlag
Hovudlykt
Eigen mat og drikke, og gjerne litt snacks i tillegg til fellesmåltida.
Manglar du noko? Sjekk ut BUA Modalen eller ta kontakt, så prøver me å hjelpe.
Tilleggsopplysingar
Friluftsområdet Moloen har gode parkeringsmoglegheiter, tilgang på utedo og rennande vatn.
Meld interesse og bli med på ei sosial og kjekk stund ute i naturen!
Del på:
-
Friluftsskule
Ferietilbod for barn 5. - 7. klasse
-
Kom deg ut-dagen
Bli med på friluftslivets veke i Modalen! Har du lyst til å sove ute, prøve noko nytt og vere med på kjekke aktivitetar for store og små? Modalen frivilligsentral, Mo og Kleivane vel og Nordhordland turlag inviterer til «Natt i naturen» og «Kom deg ut-dagen» i Modalen!